Runde lighthouse

Runde lighthouse


Photo: Frode Pilskog

Runde fyr. Oc WRG 6s. Kystfyret har ei Fresnel fyrlinse av 1. orden. Fyrstasjonen vart oppretta i 1767 av P.F. Koren, byfogd i Kristiansund. Runde fyr er rekna som det femte fyret i landet. Det var lite lys frå stasjonen då ein nytta ei fyrgryte som ein brente kol og torv. I 1807 tok staten over fyrstasjonen. Eit 7 m høgt kolblussfyr vart sett opp i 1826. I 1858 vart det bygt eit 27 m høgt støypejarnstårn lengst nede på Kvalen. I 1910 vart det sett opp ei større lykt på støypejarnstårnet. Den øverste delen av tårnet vart flytta til Sklinna fyr. I 1935 vart det gamle kolblussfyret sprengt vekk og eit nytt betongfyr vart sett opp. Lykta frå støypejarnstårnet vart flytta over til betongtårnet og fyrlyset vart elektrifisert. Nedre del av støpejernstårnet er bevart som dagmerke. Betongfyret er malt kvit med eit raudt lyktehus. Fyrboligar, fjøs, kollager, smie og naust ligg nedanfor fyret. Fyret vart automatisert og avmanna i 2002. Riksantikvaren freda fyrstasjonen i 2001.